Mitt Ryfylke
Du er her:
 

Vatn og avløp

Vatn i springenVatn i springen

Arbeidsoppgåvene til vatn- og avløpsavdelinga er i hovudsak forvaltning, drift, utbygging og vedlikehald av vassforsyning og avløpsanlegg i Suldal kommune.

Her inngår m.a. overvaking og drift av vassverk, reinseanlegg og kloakkpumper, innhenting av vassprøvar, lekkasjesøking samt drift og vedlikehald på eksisterande leidningsnett.

Suldal kommune har i dag 13 vassverk, 4 kloakkreinseanlegg, 16 kloakkpumpestasjonar, 2 silanegg og 7 slamavskiljarar.

Sjekk vasskvaliteten!
Det vert teke vassprøvar med jamne mellomrom rundt i kommunen vår. Prøveresultata vert lagt ut på Aqualytica sine nettsider, og du sjølv kan sjå desse resultata ved å gå inn på www.mittvann.no.

Her definerar me råvatn som det vatnet som kjem frå vasskjelde og inn til vassverk for handsaming. Etter at vatnet er handsama kallar me det renvatn. Nettvatn er det vatnet som vert tappa i kranar ute hos forbrukar.

Tilknytningar til det kommunale vass- og avløpsnettet
Dersom du ønskjer å knyte deg til det kommunale vass- eller avløpsnettet, sender du inn ein vanleg søknad. Søknaden må innehalda namn, gards- og bruksnummer på eigedomen som skal knytast på samt om tilknytninga gjeld vatn eller avløp eller begge deler. I tillegg til søknaden må det leggjast ved kart der trasèen for stikkleidningen samt tilknytningspunktet er teikna inn.

Søknaden sendast Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand.

Arbeidet må ikkje ta til før kommunen har gitt løyve til dette. Tiltaket må utførast av godkjende fagarbeidarar. Når arbeidet er avslutta, skal det sendast inn skjema for tilknyting, kumskjema, bilete og innmålte koordinater for tilknytningspunktet. Skjema for tilknytning samt kumskjema finn du i kolonna til høgre.

Kontakt oss!
Me held til i det kommunale bygget på Garaneset på Sand.
Tilsette i vass- og avløpsavdelinga i Suldal kommune:

Publisert av Torbjørn Guggedal. Ansvarleg Tor Bråthen. Sist endra 10.05.2013

Kontakt

Suldal kommune Eidsvegen 7
4230 Sand
E-post : postmottak@suldal.kommune.no
Telefon
: 52 79 22 00

Faks
: 52 79 22 05
Org.nr.
: 964 979 189
(Kontonr)
: 3202.07.01152
(Kommunenr)
: 1134
Opningstid
: Måndag - fredag 08:00 - 15.30

Erling Rognskog

avdelingsleiar
Telefon : 52792428
Mob: 41066962
E-post :  

Se også

Tenester (1)
 
SULDAL KOMMUNE Eidsvegen 7 4230 SAND Telefon: 52 79 22 00 postmottak@suldal.kommune.no
padlock