Søknad om ny barnehageplass og endring frå 14. august

Skattkammeret Suldal - Klikk for stort bilete Anne Lise Norheim

 


 

 

 

 

 


Søknadsfrist for hovudopptak med oppstart 14. august er 1. mars 2017.

I Suldal kommune får alle som søkjer innan fristen barnehageplass. Har du alt barnehageplass, treng du ikkje søkje på nytt. Ønskjer ein endring av opphaldstid/dagar må ein søkja om det innan fristen. 

Det vil bli fakturert for oppstart 14. august og 1. januar uavhengig av kva tid barnet startar i barnehagen.

Søknadsskjema finn du på Suldal kommune sitt søknadssenter.

Trykk her for å søkje om barnehageplass.
 

Planleggingsdagar i barnehagen er 14. og 15.august, desse dagane er barnehagane stengde.

NB! Søkjer du etter fristen, vil du få plass i nærast barnehage med kapasitet til å ta imot.

Suldal kommune har 7 barnehagar, alle med eit heildagstilbod med opphaldstid 3-5 dagar per veke for barn i aldersgruppa 0-5 år. 2 dagars tilbod går ut frå og med barnehageåret 2017/18, dette er nytt. Meir informasjon om den enkelte barnehage kan ein finne på nettsidene til barnehagane.

Stølane                               adr. Erfjord         tlf. 52 79 54 24

Vinjar                               adr. Suldalsosen      tlf. 52 79 09 10

Kjølvikstølen               adr. Hebnes     tlf. 52 79 57 10

Jelsa oppvekstsenter      adr. Jelsa       tlf. 52 79 03 50

Nesflaten oppvekstsenter  adr. Nesflaten     tlf. 474 63 602

Vanvik oppvekstsenter   adr. Vanvik          tlf. 52 79 42 13

Sand barnehage                           tlf. 52 79 24 70/52 79 09 90                                           
avd.Joagarden                        adr. Sand            
avd. Randåsen                        adr. Sand                   

 

 

Fann du det du leita etter?