Koordinerande eining

Oss finn du ved Bestillarkontoret i 1. etasje på Helsetunet. Me er lettast å finna via hovudinngongen og vidare inn gongen mot sjukeheimen. 


Opningstider:kl. 08.00 – kl. 15.00

Telefon: 52 79 23 60

Me er her for deg mellom 0 og 100 år:

Personar som treng hjelp frå fleire tenesteområde for å kunne fungera

- Personar som på grunn av skade eller sjukdom har eit brått fall i evna til å fungera i dagleglivet

- Personar med gradvis fall i funksjonsevne over lengre tid

- Personar med medfødt funksjonssvikt

- Personar med fysiske, psykiske eller sosiale problem

- Personar som treng hjelp til å planleggja/meistra nye situasjonar i livet

Kven kan ta kontakt med oss?

Den som treng hjelp

- Familie, pårørande

- Fagfolk

Kva kan me hjelpa med?

Kartlegga og vurdera hjelpebehov

- Gjera vedtak om individuell plan som gir oversyn over nødvendige tenester og oppfølging

- Koordinera tenestetilbodet på tvers av tenester og sektorar

- Ha oversikt over tenester som er tilgjengelige i Suldal kommune, og formidla kontakt med tenester som er aktuelle for deg

- Tildela koordinator

- Sørgja for oppretting av ansvarsgruppe

- Vera eit knutepunkt for samarbeid mellom kommunen og statlege institusjonar

- Gi råd og hjelp i saker som også dreier seg om bustad (bustadsosial rettleiingsgruppe)

- Vera systemansvarleg og rådgjevar for kommunal administrasjon


LOVVERK:

Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinerande eining

 

Helse- og omsorgstenestelova


helsedirektoratet om Koordinerande eining - Individuell plan

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Suldal Kommune
Suldal Kommune
Sentralbord
52 79 22 00

Sjå også