Informasjon

Informasjon

Her finn du oversikt over våre skjema. 

Tryggleik ved elektronisk innlogging

Elektroniske skjema vert sendt kryptert gjennom sikre linjer til vårt mottakssenter. Løysinga er lik tryggleiken som er brukt i nettbankar. Personopplysningar blir behandla konfidensielt og personvernet dittvert ivareteke.

Du kan logge deg på via ID-porten som er ei felles innloggingsløysing til offentlege tenester på nett, og som tilbyr sikker innlogging ved bruk av elektronisk ID. Ein elektronisk ID stadfestar at du er den du utgjer deg for å vere. Du vil få val om å logge inn via ID-porten når du opner eit skjema.

Finn igjen skjema du har starta på

Dersom du logger deg på med elektronisk ID eller din e-post kan du når som helst avbryte utfylling av skjema, og hente det opp att for vidare utfylling. Opplysningar du har tasta inn vil ligge lagra på vår server, og vil ikkje vere tilgjengeleg for mottakar før du bestem deg for å senda inn søknaden.

Du finn oversikt over dine skjema du har starta på og fullførte skjema på "Mine søknader" på Min side, dersom du logga inn via ID-porten eller e-post når du fylte ut skjemaet.

Sensitive opplysningar

Skjema og vedlegg som inneheld sensitive opplysningar fylles ut i vår elektroniske løysing, men må lastast ned og sendast inn via posten. Suldal kommune jobbar med en løysing for at også disse skjema skal kunne leveres elektronisk.

Sensitive opplysningar er opplysningar om rase eller etnisk bakgrunn, politisk, filosofisk eller religiøs oppfatning, at ein person har vore mistenkt, siktet, tiltalt eller dømt for en straffbar handling, helseforhold, seksuelle forhold, medlemskap i fagforeningar (jf. personopplysningsloven §2 nr. 8).

Personvernerklæring

Du kan lese meir om kva informasjon Suldal kommune samlar inn og korleis informasjonen blir brukt, i personvernerklæringa her.