Ser DU læringa i desse situasjonane?
Bilde 1: Sosial kompetanse
"Kva kan du bruke superkrafta di til?" - teikna og fortalt av eitt av dei eldste barna i barnehagen
Bilde 2: Omsorg
“Godt å få eit trøystande plaster.....”
Bilde 3: Hjelpsomheit
"Kan eg hjelpa deg med strikken?" - tilsette som set ord på det dei gjer i alle situasjonar istadenfor å “berre gjera”
Bilde 4: Tillit
"Å stole på barna" - med tilsette som sikrar at barna er på trygg avstand til bålpanna
Bilde 5: Aktiv deltaking
"Å vera aktiv deltakar i leiken" skapar gode relasjonar mellom barn og tilsett
Bilde 6: Kreativitet
"Skuta til Kaptein Sabeltann" - støtte opp om barna sin kreativitet i leiken
Bilde 7: Utforsking
"Vårleg tur i nærmiljøet" - la barna få ta del i det som skjer i nærmiljøet og samfunnet i dei ulike årstidene
Bilde 8: Matglede
"Utan mat og drikke...." - små kokkar deltek i matlaginga med stor iver
Bilde 9: Læring gjennom leik
"Lego er meir enn brikker...." - legobrikker bidreg i læring av tal, form og mønster
Bilde 10: Undring
"Tenk å bære sitt eige hus på ryggen" - tilsette som undrar seg saman med barna over styrken til sneglar som kan bære sitt eige hus på ryggen
Bilde 11: Kropp og helse
"Den finurlige kroppen vår..." - kreativ læring om skjelettet vårt
Bilde 12: Humor og glede
"Humor og glede!" - Fellesskapskjensla, i eventyrfest med dramatisering av Bukkene Bruse, av barn og tilsette
Bilde 13: Språkutvikling
"Å bada barna i språk" - aktiv bruk av bøker både i barnehagen og på biblioteket legg tilrette for styrka språklæring
Bilde 14: Miljøbevisstheit
"Å ta vare på miljøet" - gjennom å sortera søppel og levere det inn til gjenvinning får barn delta i miljøtiltak frå tidleg alder
Bilde 15: Kreativitet og påskehygge
"Lage sjøl...." - den finaste pynten er den som barna lagar sjølv! Med auger på snei og nebbet på tvers, vil barn og tilsette i Vinjar barnehage ynskje alle ei god påske!