Viktig melding: Støtteordninga for energieffektiviserande tiltak stenger for nye søknader 1. mars

Interessa for ordninga har vore svært stor den siste tida, og på kort tid har me fått inn over 150 nye søknader. Dei økonomiske ramene er no nesten oppbrukte.

For å avslutta ordninga på ein god og ryddig måte:

  • stenger me for nye søknader frå og med 1. mars
  • handsamar me søknader som kjem inn fram til denne datoen
  • gjev me støtte så langt midlane strekk til

Dersom du vurderer å søka, oppmodar me til å gjera det så snart som mogleg.

Bakgrunn

  • I januar informerte Suldal kommune om at energieffektiviseringsordninga nærma seg slutten etter fleire år med høg aktivitet og stor interesse. Sidan oppstarten i 2022 har Suldal kommune delt ut over 50 millionar kroner gjennom 2338 søknader til innbyggarar, hyttefolk og næringsliv.

    Tiltaka har mellom anna omfatta varmepumper, vedomnar, isoleringstiltak og solceller, og ordninga har gitt både energisparing, lågare kostnader og mange oppdrag til lokale handverkarar.

    Det har vore privilegert å kunne dele ut pengar og kome tettare på folk gjennom ordninga, seier saksbehandlar Ronny Mehus Rugland.

Du kan søkja om støtte til energieffektiviserande tiltak her

Kontakt

Ronny Mehus Rugland
E-post
Telefon 95 73 16 67
Mobil 95 73 16 67