Varsel om flaumfare på torsdag: Oransje nivå
Det er sendt ut flaumvarsel på oransje nivå for vårt distrikt, særleg innover på Haugalandet, noko som tilseier stor fare.
Me vil tilrå alle å førebu seg gjennom å:
- Halde deg oppdatert på vêrmeldingar. Følg med på varsel og oppdateringar frå yr.no, då situasjonen kan raskt endre seg.
- Rens stikkrenner og kummar – ta ein runde rundt eigedomen og fjern kvistar, lauv og anna som kan blokkere vassvegane. Dette kan hindra at vatnet finn nye, uønska vegar.
- Sikre verdiar i flaumutsatte områder – flytt verdifulle gjenstandar vekk frå elveleie og andre stadar kor vatnet raskt kan stige.
- Unngå ras- og flaumutsatte områder – det kan fort oppstå overvatn på vegane, og nokre vegar kan bli stengt. Sjekk oppdatert vegmelding frå Statens vegvesen før du legg ut på tur.
- Forhandsreglar mot vassinntrenging – dersom du bur i eit område med auka risiko for vatn i kjellaren, gjer nødvendige tiltak i forkant. Flytt lause gjenstandar opp frå gulv, og vurder å setja møbler på klossar for å minimere skade dersom vatnet skulle trengja inn.
Me håpar at veret viser seg frå si mildaste side, men skulle uhellet vera ute, hugs våre naudnummer:
Politi: 112
Brann: 110
Helse: 113
Publisert 30.10.2024 14.34