Stengt gangveg utanfor nye Suldal sjukeheim
Gangvegen blir stengt frå måndag 17. mars til torsdag 10. april.
Stenginga påverkar vegen mot legekontoret, Eidsvegen og kommunehuset
På grunn av arbeid med uteområdet ved den nye sjukeheimen, vil gangvegen bli stengt ved den siste bustaden mot sjukeheimen mot legekontoret, Eidsvegen og kommunehuset. Du vil kunne sjå store synlege skilt som informerer om dette.
Publisert 13.03.2025 15.30