Årets prisvinnar har gjennom fleire år lagt ned eit stort arbeid i lokalhistorie og har bygd opp eit unikt biletearkiv med landskapsbilete, bygningar og folk frå eldre tider. Han har blant anna hatt utstillingar i Gata under Ryfylkedagane.
Han har og vært aktiv i sogeskriftet Gammalt frå Suldal i fleire år. Heime har han bygd opp eit museum med køyretøy og andre gjenstandar frå opptil 100 år.
Terje Bråtveit er ikkje ein som trenger seg fram, men held seg i bakgrunnen. Hans uvurderlige innsats på desse områda gjer han til ein særs verdig vinnar av årets kulturpris til Suldal kommune.
Levekårsutvalet gratulerer så mykje Terje Bråtveit med kulturprisen