På Sand skule jobbar Astrid. Ho er brennande engasjert i miljø og bærekraft, og har ein leiar som ser nytten av engasjementet hennar. Astrid jobbar deltid som lærar, og studerer i tillegg til å bli gartnar. Fleire har høyrt om skulehagen til Sand skule, og det er altså Astrid som er motoren og drivkraften bak det heile.
Astrid snakkar fort og ivrig, det kan ha noko med at me ikkje har avsett så altfor lang tid til ein kort samtale - men det seier også ein heil del om at dette er viktig for ho. Ho er opptatt av at elevane skal oppleva å bli møkkete på hendene og å få rota i jorda. På Sand skule får elevane læra om jordliv og kompostering, målet er at dei skal få eit forhold til kor maten vår kjem frå.
-Alle skular med "respekt for seg sjølv" jobbar med bærekraft, seier rektor Jorunn. Me er miljøfyrtårnsertifiserte og tenker grønt. Me har prøvd å få til eit slikt arbeid som dette tidlegare, men det er først no at me verkeleg får det til.
Sirkulært og bærekraftig
Skulen har altså etablert ein skulehage på eit lånt område av Rygjatun eigedom. Skulehagen fungerer som eit grønt klasserom for elevane på skulen, og som eit grøntområde for elevane ved Topp Volley. Skulen har også fått god hjelp av Bondelaget som pløydde området slik at det sist vår vart klart for 15 kg settepoteter og fleire andre vekstar. Potetane er nyttige for god jord, og hamna etterkvart på grillen til elevane. Hausta eple vart til eplejuice og avfallet hamna i Bokashi-komposten som lagar god jord og næring til nye vekstar. Eplejuicen solgte elevane vidare, og inntektene gjekk til ny eplehekk.
-Me jobbar sirkulært og berekraftig, og me har alt me treng her lokalt, seier Astrid. Dette er noko ho er opptatt av å læra elevane. -Me treng ikkje å gå på butikken for å kjøpa plantejord, me kan laga det sjølv, seier ho - og skyt med det same inn at skulen no planlegg ein innandørs jordfabrikk på vinterhalvåret.
Skulehage
Suldal kommune
Å bli glad i naturen
Rektor Jorunn forklarer at denne måten å jobba på legg til rette for både sosial og fagleg undervisning, og at ein får dratt inn mange fag i ein skulehage. Skulehagen er èin tverrfagleg praktisk læringsarena som verkeleg kan gje elevar impulsar til å bli glad i naturen, respektera alt levande og få innsikt i økologiske samanhengar. Det er dessutan ein læringsarena kor det er naturleg å samarbeida på tvers av aldersgrupper. Føremålet med fagfornyinga er at det elevane skal læra er relevant og framtidsretta.
-Alt dette finn me naturleg her i dette grøne klassserommet, seier Jorunn.
Skulehage
Suldal kommune
Kor kan ein starta?
-Dersom andre vil starta arbeidet med ein kjøkkenhage bør dei starta med jorda og stella den godt, seier Astrid. Ho forklarer også at skulen søkte på Folkehelsemidlar av kommunen, og fekk ein økonomisk start på denne måten.
Ein dag i veka har 7. trinn ansvar for å henta matavfall i alle klasserom, og å mata avfallet i Bokashi-komposten. Denne dagen er Emilie og Thea med, og praten med Astrid går hurtig. Astrid inviterer undervegs jentene inn i spennande refleksjonar om måten me lev på i dag og korleis me betre kan ta vare på jorda vår. At Astrid gjer ein skilnad, og vekker spørsmål i elevane som bidreg til læring og utvikling - er veldig sannsynleg.