Utval: | Formannskapet |
---|---|
Dato: | 14.06.2022 09.30 - 15.00 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Vedtak er påført møtet |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Innkalling og sakliste blir godkjent slik ho ligg føre.
Samrøystes i samsvar medd innstillinga.
Godkjenning av protokoll frå møte 05.05.2022 vert utsett til neste møte.
Protokollen frå førre møte var ikkje synleg i møteportalen.
Godkjenning av protokoll frå møte 05.05.2022 vert utsett til neste møte.
Suldal kommune inngår avtale med Frilager Nord-Jæren om å oppretta ein utstyrssentral for utlån og utleige av friluftsutstyr i Suldal.
Kommunedirektøren får fullmakt til å inngå avtale i tråd med vilkår og kostnad som kjem fram i saka.
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Suldal kommune røyster ja til ny hovudtariffavtale
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
1. Barn og elevar ved Vanvik oppvekstsenter skal ha tilbod om barnehage- og skuleplass og SFO iVanvik og til hausten.
Kommunedirektøren skal setja i verk tiltak som gjer at dei faglege krava til drift av oppvekstsenteretvert oppfylte. Hovudmålet er å få tilsett ny einingsleiar, men og mellombelse tiltak kan vurderast.
Ekstra midlar kan nyttast, dette må kommunedirektøren koma attende med i 2. tertialrapport.
Utfordringane ved oppvekstsenteret skal vurderast i saka om utfordringane i Suldalsskulen og korleis
ein kan møta dei framover, jamfør årsmeldingsvedtaket.
2. Elevar ved ungdomstrinnet på Nesflaten skule får, som eiprøveordning i 1 åropplæringstilbodet sitt lokalt 2 dagar i veka og ved Sand skule 3 dagar i veka. Dette gjeld skuleåret2022-2023.
Kommunedirektøren skal setja i verk tiltak som gjer at dei faglege krava til drift av oppvekstsenteretvert oppfylte.
Ekstra midlar kan nyttast, dette må kommunedirektøren koma attende med i 2. tertialrapport.
Forslag frå Øyvind Tveitande Lovra SP
Forslag frå Kari Vaage Gjuvsland AP
RØYSTING
LEV:
SP: V, H, SP
AP: AP, KRF
Formannskapet vel Øyvind Tveitane Lovra og Torbjørn Indrebø som medlem i prosjektgruppa Lokaldemokrati.
Forslag frå Magne Langeland SP
RØYSTING
Samøystes i samsvar med forslag.
Fakta
Fylkestinget har vedteke at det skal utarbeidast ein regionalplan for areal- og kraftkrevjande verksemder. Føremålet med planarbeidet er å tilretteleggja for verdiskaping og nye arbeidsplassar i Rogaland innafor areal- og kraftkrevjande verksemd, samstundes som miljøulemper og inngrep skal vere avgrensa.
Innleiande analysar som er gjennomførd viser at Rogaland har gode føresetnader for å ta ei posisjon innanfor areal- og kraftkrevjande verksemder. Krafttilgang vil vere den sterkaste avgrensinga for ny aktivitet på kort sikt, og det er trong for oppgradering av nettet i regionen for å tilretteleggja for vesentleg ny kraft- og arealkrevjande næring.
Rogaland har eit kompetansefortrinn med omsyn på slik verksemd, men utviklinga i petrolumsindustrien vil vere avgjerande for om nødvendig arbeidskraft og kompetanse blir tilgjengeleg.
Planprogrammet er ein plan for korleis planprosessen skal gjennomførast og kva tema arbeidet skal fokusere på.
Forslag til planprogram er utarbeida med bakgrunn i kunnskapsinnhenting og medverknad. Følgjande fire tema er føreslått som innsatsområde;
Fylkestinget har lagd planprogram ut til offentleg ettersyn med høyringsfrist 17. juni.
Målet er å vedta regionalplan for areal- og kraftkrevjande verksemder innan sumaren 2023.
Lover, føresegner, rundskriv
Planprogram blir lagd ut på høyring i samsvar med plan- og bygningslova §§4-1 og 8-3.
Gjeldande planar, retningsliner og vedtak
Vurdering og konklusjon
Planbehov
Suldal kommune ser positivt på at Rogaland fylkeskommune tek ei rolle i arbeidet med å få lokalisert bedrifter for dei nye næringane, som planen er tenkt å legge til rette for. Slike lokaliseringar vil kunne ha eit omfang som krev samarbeid på tvers av kommunegrenser.
Elektrifisering av samfunnet kan gi høve til etablering av ny berekraftig industri og næringsverksemd i Rogaland. Areal- og kraftkrevjande verksemd er næring som treng stor plass og/eller mykje kraft, til dømes datasentre, hydrogen/ammoniakkproduksjon, batterifabrikkar og fiskeoppdrett på land.
Lokalisering av slik verksemd har potensiale for å kome i konflikt med andre interesser og viktige samfunnsmål. Ansvar for nærings,- areal- og kraftsystemutviklinga er fordelt på tvers av forvaltningsnivå̊ og sektorar, og er spreidd på ei rekke ulike aktørar. Dette kan gjere prosessane kring denne type verksemd krevjande.
Suldal kommune sine posisjonar og innspel
Suldal er ein av Noregs viktigaste kraftproduserande kommunar, men har fram til nå ikkje hatt etableringar av kraftkrevjande industri i kommunen.
Nærleik til kraftverk og knutepunkt kan gi etablering av industriell verksemd. Dei samfunnsøkonomiske kostnadane kan vere gunstige ved å etablera næringsverksemd nær kraftproduksjon og knutepunkt i Suldal.
Omstilling med å avkarbonisera energibruken og elektrifisere fleire prosessar betyr at tilgang på elektrisk kraft er svært viktig for etablering av nye grøne verdikjeder.
Rogaland produserer omlag 12% av fornybar energi i Noreg og Suldal produserer 8% av vasskraftenergien i Noreg. Noreg har i dag overskot av energi men det er ei utfordring å få nok kraft på rett stad. Mange kommunar konkurrerer om å trekkje til seg nye arbeidsplassar og innbyggarar som ei del av omstillinga til det grøne skifte. Det igangsette planarbeidet har fokus på utfordringar og moglegheiter på verdikjedane kring:
Dette er store etableringar som kan krevje fleire store tomter og mykje kraft, og etterspør ofte mykje informasjon på ei rekke punkter. Prosessane for å identifisere egna lokalisering for eit prosjekt vil ofte vere administrert av ein tredje part, har ofte korte fristar og kan involvera lokasjonar i fleire land.
Tilgjengeleg areal
Tilgjengeleg kraft
Tilgang på kompetanse
Basert på kompetanseprofilen til verksemda er det viktig ha oversikt på tilgjengeleg arbeidskraft og kompetanse utover kommunegrenser. Ei etablering i Suldal vil kunne trekke til seg tilsette og tilflyttarar både frå ytre og indre Ryfylke.
Lokal leverandørindustri
Aktørar vil ha behov for ei rekke varer og tenester frå leverandørar utover eigne tilsette. Suldal og nabokommunen vår Sauda har ein etablert kompetent leverandørkjede kring kraftproduksjon og kraftkrevjande industri som vil kunne understøtte nye etableringar.
Innsatsområde i planprogrammet:
«Industrielle muligheter»
Suldal har eit næringsliv basert på hausting og foredling av naturressursar kor kraftproduksjon er svært viktig saman med Norsk Stein si utvinning på Jelsa.
«Gode lokaliserings alternativer»
Suldal kan ha moglege område, sjølv om dei truleg ikkje har nok areal for dei største etableringane.
Dei største områda under utgreiing er Jelsa Wind Works og Norsk Stein sine prosjekt på Jelsa. På Jelsa er det også framlagd planer for hydrogenproduksjon med trinnvis oppbygging av kapasitet.
I Kvilldal kan det vere potensiale for å nytte spillvarme frå Statnett si trafostasjon, varme som kan nyttast til matproduksjon.
«Krafttilgang og energiutnyttelse»
Suldal er blant Norges største kraftproduserande kommune, men har så langt ikkje nytta potensialet for etablering av kraftkrevjande industri.
«Relevant kompetanse»
Suldal har eit arbeidsliv som langt på veg er bygd på kraftproduksjon og relatert verksemd. Det vil difor vere eit godt kompetansemiljø for tilsvarande verksemder i kommunen, dvs. grøne elektriske verdikjeder.
Innspel til planarbeidet
Suldal kommune legg til grunn at Rogaland fylkeskommune ikkje vil praktisere eit strengare planregime enn andre norske regionar og fylke for areal- og kraftkrevjande verksemder.
Regionalplanen må vere tilstrekkeleg dynamisk slik den kan fange opp teknologisk utvikling og ny industriframvekst som me i dag ikkje kjennar fullstendig innhald og omfang av.
Planen må gi føringar om gjenbruk av næringsareal for å styrke tilgangen på areal til areal- og kraftkrevjande verksemder, og som kan gi minst mogleg konfliktnivå med andre arealbruksomsyn, medrekna tap av natur.
Arealbruk til areal- og kraftkrevjande næring må skje innafor naturen si tålegrense og redusere klimautslepp. FNs berekraftsmål, særleg mål 13 Stoppe klimaendringar og stoppe tap av natur -14 Livet i havet og 15 Livet på land, må vere premiss for planlegging av lokasjonar for areal- og kraftkrevjande verksemder.
Planarbeidet må utgreia korleis vi kan bruke handlingsrommet til å prioritera dei mest berekraftige verksemdene. Planen må ha føringar for å nedprioritera og seie nei til verksemder for utvinning av kryptovaluta. Utvinning av kryptovaluta vil vere ei lite berekraftig bruk av samfunnsviktig energi og arealressursar.
For areal- og kraftkrevjande verksemder er bruk av overskotsvarme særleg aktuelt. Det gir god sirkulærøkonomi og berekraft. Lokaliseringar som kan nytte overskotsvarme på ei god måte bør prioriterast, før dei som ikkje planlegg for dette.
Lokalisering av areal- og kraftkrevjande verksemder må prioriterast til lågproduktive og karbonfattige areal. Etablering påkarbonrike areal som myr, skog og matjord skal som hovudregel ikkje skje.
Areal- og kraftkrevjande verksemder blir ofte bygd med store takflater. Planarbeidet må utgreie om det skal setjast krav til utbyggar om solenergi på tak der det er egna, slik EU nyleg har føreslått skal gjelder for næringsbygg og offentlege bygg frå 2027.
Dagfinn Svadberg Hatløy Øyvind Stueland
bygdeutviklingsleiar kommunalsjef
Forslag frå Øyvind Tveitane Lovra SP:
Legg til punkt 10 og 11 i innstillinga.
RØYSTING
Samrøystes i samsvar med innstillinga med tillegg frå SP
Gnr 126 bnr 80 snr 2, Øygarden 65 vert lyst ut for sal på den opne marknaden.
RØYSTING
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
1. 1. tertialrapport vert teken til vitande.
RV 13 på Nesflaten, Erfjord, og Suldalsosen vert omdisponert til andre aktuelle ladeprosjekt, blant anna på Jelsa, på Ropeidhalvøya og på Sand, som manglar finansiering
Dette medfører at bruk av lån vert redusert og overføring i frå drift vert auka i investering. I drift vert overføring til investering auka. finansiert med auke i sal av konsesjonskraft med same sum. 9. Det vert tilført ytterligare 5 mill til vedlikehold og reasfaltering. Inndekning frå sal av konsesjonskraft. 10. Det blir sett av 600.000 ekstra til innkjøp av lærebøker til neste skuleår etter dei nye kompetansemåla. 11. Straumstøtteordning for næringslivet |
Forslag fremma:
Kari Vaage Gjuvsland AP
Øyvind Tveitane Lovra SP
Magne Langeland SP
Gerd Helen Bø SP
---
Øyvind Tveitane Lovra trekk forslag
---
RØYSTING
AP: Samrøystes
SP Magne Langeland: Samrøystes
SP Gerd Helen Bø: Samrøystes
--------------------------------------
RØYSTING
Kommunedirektøren si innstilling med tillegg: Samrøystes
I medhald av plan- og bygningslovas §11-14 vert forslag til kommuneplanens samfunnsdel for Suldal kommune for perioden 2022-2034 datert 31.05.22 sendt ut til høyring og offentleg ettersyn.
Med følgjande endring:
Side 14
Suldal skal arbeida for god infrastruktur i heile kommunen
Tillegg til: Derfor skal me under:
Arbeida for trygge vegar både i kommunen og inn og ut av kommunen
Arbeida for gode kollektivtilbod
Arbeida for realisering av Haukelibanen
Side 19
I kulepunkt 3: fjerne «og gode generasjonsskifte»
Side 20
Arealstrategi: Ta ut siste setning vedr. Småbåtanlegg.
RØYSTING
Endringsforslag frå Øyvind Tveitane Lovra SP
Endring side 14
For: Samrøystes
---
Endring side 19
For: SP, KR, H
Mot: V, AP
----
Endring side 20
For: SP, H, V
Mot: KRF, AP
---
Samrøystes i samsvar med innstillinga med endringar.
Planforslaget for arealdelen av kommuneplan for Suldal kommune 2022-2034 vert lagt ut på høyring og offentleg ettersyn, i medhaldav plan-og bygningsloven § 11-14 med følgjande endringar:
Innspel 20-1
Positiv tilråding:
-Positivt for Suldal og omegn i forhold til nye arbeidsplasser.
-Bra utnyttelse av eit ulendt terreng som ikkje kan nyttast til anna.
-Ikkje synleg fra veg/sjø
- Området har unik kvalitet av råstoff til asfalt/betong. Blir ikkje direkte konkurrent til anna næring i område.
2.4.2- endre punkt H:
Side 15 i føresegner og retningslinjer.
Fritidsbustader skal ikkje vera større en 120m2 BYA (eksklusiv terrasse) og maks. mønehøgd 7,5 m.
Konsekvensutgreiingar av innkomne arealinnspel.
Ytra bjerga. Fritidsbustader, nausthytter, Småbåthavn.
Ny tilråing: kommunen vil ta område 4.1 og 4.4 inn i kommuneplanen til byggjeområde fritidsbustader/småbåthavn. Område 4,2 og 4,3 vert ikkje teke inn.
Forslag SP, AP fremma av Kari Vaage Gjuvsland
Røysting:
For: SP, H, KRF, AP
Mot: V
---------
Endringsforslag AP, SP fremma av Øyvind Tveitane Lovra SP
Endring av tilråing
Røysting: Samrøystes
-----
Forslag fremma av Øyvind Tveitane Lovra SP
Side 15 i føresegner og retningslinjer.
For: KRF, SP, H
Mot: AP, V
-----
Innstilling frå kommunedirektøren med endring:
RØYSTING
Samrøystes
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Øyvind Tveitane Lovra | Senterpartiet | Varaordførar | oyvind.lovra.tveitane@suldal.kommune.no. |
Kari Vaage Gjuvsland | Arbeiderpartiet | Medlem | kari.vaage.gjuvsland@suldal.kommune.no |
Sverre Underbakke | Høgre | Medlem | sverre.underbakke@suldal.kommune.no |
Torbjørn Indrebø | Kristeleg folkeparti | Medlem | torbjorn.indrebo@suldal.kommune.no |
Nils Bjarne Vold | Venstre | Medlem | nils@vikane.no |
Magne Langeland | Senterpartiet | Varamedlem | magnelangeland@gmail.com |
Gerd Helen Bø | Senterpartiet | Utvalsleiar | gerd.helen.bo@suldal.kommune.no |
Åshild Vetrhus (Ikke møtt) | Senterpartiet | Medlem | ashild.vetrhus@suldal.kommune.no |