Utval: | Levekårsutvalet |
---|---|
Dato: | 16.11.2022 09.00 - 13.00 |
Møtestad: | Nesflaten oppvekstsenter |
Status: | Vedtak er påført møtet |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Innkalling og sakliste blir godkjent slik ho ligg føre, med endra rekkefølgje på handsaming av sak 59/22 og 60/22.
Forslag om endring av rekkefølge på handsaming av saker. Forslag om å handsama sak 59/22 og 60/22 etter sak 55/22.
Samrøystes.
Protokollen frå førre møte blir godkjent slik han ligg føre.
Samrøystes.
Til vitande.
SP 1/22 Spørsmål til Levekår - Reidar Sand SV:
Som folkevald likar eg godt når innbyggjarar tek kontakt med meg. Dette gjeld òg når tillitsvalde
tek kontakt for å komma med innspel. Nå har det kome meg for øyret at kommuneleiinga ikkje set
pris på denne type kontakt. Det skapar usikkerheit både for oss folkevalde og dei tillitsvalde.
Kommunen må vera varsam med alt som kan undergrava rettane til fagrørsla. Me som folkevalde
kan sjølvsagt ikkje lova tillitsvalde ting over bordet, det må handsamast i dei rette politiske organa.
Men me har både rett og plikt til å lytta til dei, og andre innbyggjarar, utan at nokon av partane skal
bli korrigert for det.
Har kommunedirektøren nokon heimel når ho ber tillitsvalde avstå frå å ta kontakt med folkevalde?
Korleis blir det dersom det er motsett; at ein folkevald tek kontakt med ein tillitsvald?
Kan me få oppklart kva kommuneleiinga meiner om dette?
Svar på spørsmål frå representanten Reidar Sand frå Kommunalsjef Grethe Jæger Anglevik og kommunalsjef Ingebjørg Rullestad Gjerde:
Ingen heimel at me ikkje kan snakka saman. Men kva snakkar me med kvarandre om? HTV er òg tilsett i kommunen. Balanse mellom administrasjon og politikk.
Viktig å følge rett tenestevei prinsippet. Plasstillitsvalt har ein lojalitet overfor HTV.
Kommunalsjef Grethe Jæger Anglevik svarar òg at i budsjettprosessar er fagforeiningane med i arbeidet før budsjettet blir innstilt frå kommunedirektør.
Kommentar frå KRF - Det er forskjell på om ein opptrer som eit organ (Levekår), eller som enkeltrepresentantar kor ein ikkje representerer eit utval. Viktig å avklara kven ein snakkar på vegne av. EIn må kunna ta kontakt med dei folkevalde for å sei frå.
Til vitande.
ME 1
Høyring Verksemdsstrategi Høgskulen på Vestlandet 2023 - 2030 - frist 2. november 2022. Til vitande.
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Iren Klungtveit Slagstad | Arbeiderpartiet | Medlem | iren.klungtveit.slagstad@suldal.kommune.no |
Sanja Roganovic Heggelund | Høgre | Medlem | sanjaheggelund@hotmail.com |
Reidar Sand | Sosialistisk Venstreparti | Medlem | reidar.sand@suldal.kommune.no |
Magne Steine | Kristeleg folkeparti | Utvalsleiar | magnesteine@gmail.com |
Åsmund Bakka | Senterpartiet | Nestleiar | asmund.bakka@suldal.kommune.no |