Utval: | Kommunestyret |
---|---|
Dato: | 15.12.2022 10.00 - 15.00 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Møtet er ferdig protokollert |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Innkalling og sakliste blir godkjent slik ho ligg føre.
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Protokollen frå førre møte blir godkjent slik han ligg føre.
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Til vitande.
Interpellasjon frå Kari Vaage Gjuvsland
Svar frå ordførar:
Dei to første spørsmåla er retta mot anbodet på Suldal sjukeheim, medan det andre gjeld framtidige prosjekt.
Kommunedirektøren la i kommunestyremøtet den 14.12.21 fram ei melding, (sak 102/21) om bygging av Suldal sjukeheim med grunngjeving for val av entrepriseform. Meldinga var bygd på læringspunkt frå byggjeprosessen knytt til Suldal bad. Konklusjonen var at det det var totalentreprise med nokre føringar som skulle nyttast. Kommunestyret hadde ikkje merknader til dette valet og tok meldinga til vitande.
I innleiinga vert det vist til at det er eit «paradoks at Suldal kommune på den eine sida oppmodar befolkninga om å handla lokalt i førjulstida, samstundes som ein lagar anbod på fleire hundre millionar der ein ekskluderer lokale næringsaktørar». Eg er ikkje samd i denne samanlikninga mellom lokal handel og store utbyggingsprosjekt med totalentreprise. Ved tenninga av julegrana her på Sand oppfordra eg som ordførar, oss alle til å nytta lokale butikkar både nå i julehandelen og elles. Dei lokale butikkane er og viktige for oss.
Eg har bedt kommunedirektøren om å svara på dei konkrete spørsmåla.
Suldal sjukeheim er det første byggeprosjektet i Suldal kommune kor entrepriseforma totalentreprise er blitt brukt.
Kommunedirektøren har lyst prosjektet med ny sjukeheim ut i tråd med politisk vedtak og i konkurransen er oppdraget no tildelt.
Ved utlysing av konkurransen Suldal sjukeheim som totalentreprise, gjeld forskrifta om offentlege anskaffingar. Totalentreprenøren står fritt i å velja ut sine leverandørar til dei ulike leveransane til realiseringa av nye Suldal sjukeheim. Suldal kommune kan ikkje instruera totalentreprenøren i å velja lokale leverandørar.
Eg har oppmoda kommunedirektøren om å tydeleggjera for totalentreprenøren at me er opptekne av at dei tar kontakt med lokale leverandørar/entreprenørar på fagområda der dei tilfredsstiller krav til kapasitet og kompetanse, sjølvsagt med dei føringane Suldal kommune har sett som krav til kompetanse og kvalitet til leveransen. Eg er forsikra om at dette er gjort.
Suldal kommune har i alle år brukt gjennomføringsentreprisa og vil også i framtidige byggeprosjekt bruke dette som hovudregel. Lokale entreprenørar og leverandørar vil då på lik line med andre entreprenørar og leverandørar uavhengig av registrert adresse kunna konkurrera om kontraktar.
Lokale entreprenørar og leverandørar har i utgangspunktet eit konkurransefortrinn i forhold til dei som ikkje held til i Suldal. Rigg- og driftskostnader av byggeplass vil vere lågare. At lokale entreprenørar i einskilde byggeprosjekt ikkje er konkurransedyktige på pris kan også skje. Som kommune har me også ansvar for å bruka fellesskapet sine midlar klokt og i tråd med gjeldande lovverk.
Frå strategien:
Eg veit mellom anna at det i arbeidet med innkjøpsavtalar for mat til skular og barnehagar vart lagt godt til rette for at ein i dag nyttar lokalt innkjøp.
Eg har difor utfordra kommunedirektøren på litt tal og fakta. I løpet av dei siste 2-3 åra har me lyst ut 30byggeprosjekt, store og små. 22 av desse er gått til lokale bedrifter. Dei 8 øvrige prosjekta er tildelt utanfor kommunen på grunn av lågast tilbod, det vil seia pris.
Ein gjennomgang av byggeprosjekt sluttført i Norge i 2021 i størrelse frå ca 50 millionar og oppover syner at 192 av 202 prosjekt er utførte som totalentreprise.
Jamfør kvart punkt.
ME 1 Referat frå møte i Erfjord grendeutval 23.11.22. Til vitande.
ME 2 Referat frå møte i Jelsa grendeutval 07.11.22. Til vitande.
ME 3 Referat frå møte i Ropeidhalvøya grendeutval 16.11.2022. Til vitande.
ME 4 Referat frå møte i Ryfylkerådet 18.10.22. Til vitande.
ME 5 Hastesak - stopp sentraliseringa av Statkraft - brev signert 12 ordførarar - kopi av brev til næringsministeren. Til vitande.
ME 6 Statkraft og sentralisering. Kommentar Nils Bjarne Vold, V. Til vitande.
ME 7 Innspel til representantforslag om full revisjon av Røldal Suldal anlegg. Orientering ved ordførar. Til vitande.
ME 8 Uttale til ny reknemodell for skredfaktor, riks- og fylkesvegar. Orientering ved ordførar. Til vitande.
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Gerd Helen Bø | Senterpartiet | Ordførar | gerd.helen.bo@suldal.kommune.no |
Øyvind Tveitane Lovra | Senterpartiet | Varaordførar | oyvind.lovra.tveitane@suldal.kommune.no. |
Iren Klungtveit Slagstad | Arbeiderpartiet | Medlem | iren.klungtveit.slagstad@suldal.kommune.no |
Kari Vaage Gjuvsland | Arbeiderpartiet | Medlem | kari.vaage.gjuvsland@suldal.kommune.no |
Henrik Halsne | Arbeiderpartiet | Medlem | halsne.henrik@gmail.com |
Sverre Underbakke | Høgre | Medlem | sverre.underbakke@suldal.kommune.no |
Harald Bjarne Hellesen | Høgre | Medlem | harald.bjarne.hellesen@gmail.com |
Torbjørn Indrebø | Kristeleg folkeparti | Medlem | torbjorn.indrebo@suldal.kommune.no |
Marita Husevåg Hellesen | Kristeleg folkeparti | Medlem | maritahhellesen@yahoo.no |
Magne Steine | Kristeleg folkeparti | Medlem | magnesteine@gmail.com |
Bernd Elmies | Miljøpartiet dei Grøne | Medlem | berndelm@gmail.com |
Magne Langeland | Senterpartiet | Medlem | magnelangeland@gmail.com |
Albrigt Stokka | Senterpartiet | Medlem | albristo@online.no |
Åshild Vetrhus | Senterpartiet | Medlem | ashild.vetrhus@suldal.kommune.no |
Åsmund Bakka | Senterpartiet | Medlem | asmund.bakka@suldal.kommune.no |
Per Gudmund Øxtra | Senterpartiet | Medlem | okstra@hotmail.com |
Tormod Skeie | Sosialistisk Venstreparti | Medlem | tormod.skeie@suldal.kommune.no |
Nils Bjarne Vold | Venstre | Medlem | nils@vikane.no |
Gerd Haugsland Kolstø | Senterpartiet | Varamedlem | gerd.kolsto@suldal.kommune.no |
Lars Arne Bjørkland (Ikke møtt) | Senterpartiet | Medlem | lars.arne.bjorkland@suldal.kommune.no |