Utval: | Kommunestyret |
---|---|
Dato: | 09.03.2022 11.00 - 13.00 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Møtet er ferdig protokollert |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Innkalling og sakliste blir godkjent slik ho ligg føre.
Interpellasjon og meldingar til slutt.
Protokollen frå førre møte blir godkjent slik han ligg føre.
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
SI 1: Til vitande
SI 2:
1. Kommunestyret i Suldal sluttar seg til fordømminga av den russiske krenkinga av Ukraina sin suverenitet.
2. Suldal kommune er klar til å ta vår del av ansvaret for å ta mot menneske på flukt frå Ukraina.
SI 1: Interpellasjon frå Tormod Skeie, SV.
Svar på interpellasjon frå Tormod Skeie SV kommunestyret 09.03.2022:
Tormod Skeie frå SV viser til standpunkt frå tidlegare Senterpartileiar Åslaug Haga. Eg kjem ikkje til å ta stilling verken politisk til eller gi fagleg grunngjeving for havvindprosjekt i regi av WWJ i dette svaret.
Regjering har ein strategi for vidarutvikling av havvind i sørlege Nordjsø og Utsira Nord. Det vert viktig å utvikla industri på land seier Regjeringa. Europa har ein felles ambisjon om 100 GW innan 2030 i Nordsjøen og meir etter det. Det Norge lyser ut nå er 1,5GW.
Den økonomiske risikoen er det utbyggjar sjølv som ber. Me må nok kunne rekna med at ein aktør ikkje vil investere hundrevis av millionar utan at dei reknar med at satsinga vil skapa verdiar for samfunn og for selskapet sjølve.
Kommunestyret har bedt kommunedirektøren om ei revidering av kommuneplanen for Suldal kommune. Det er opp til eit samla kommunestyre å ta stilling til saka når den blir lagt fam. Kommunedirektøren er i innspurten av arbeidet med mål om førstegongs handsaming politisk i juni. Det er først i denne saka ein vil kunne svara ut mange av spørsmåla Tormod Skeie stiller.
WWJ er nok det største og mest komplekse av innspel til kommuneplanen. Det vil , dersom det blir realisert, ha stor regional betydning og fortener så absolutt ei brei politisk merksemd. Kommunestyret har ved å vera med i selskapet sagt at me ønskjer det utgreidd og at me vil sjå på kva moglegheiter det gjer.
Eg har forventningar til at innspelet frå WWJ blir utgreidd både når det gjeld moglegheiter for Suldalssamfunnet og for regionen. Like eins forventar eg at me får kunnskap om dei konsekvensane dette vil ha, m.a. for dei som bur eller eig fritidsbustad på Berakvam og miljøkonsekvensane.
I dialogen med WWJ har eg som ordførar vore klar på forventningane mine til at WWJ også sjølve må arbeide aktivt for å redusere ulempene som vil følgje av prosjektet. Kommunestyre og formannskap har fått orientering om prosjektet ved fleire høve i 2021 sist i kommunestyret i desember.
SV stiller spørsmål om trongen for eit slikt anlegg og kvar marknaden er. svaret.
Eg deler Skeie sin observasjon på at prosjektet også medfører uro og engstelse. Det er naturleg og fullt forståeleg at det er uro for ei så stort og inngripande satsing som dette vil blir dersom den vert vedtatt.
Hydrogenprodukjson er svært energikrevande. Reguleringsplanen når det gjeld hydrogenfabrikk på Jelsa, har vore ute på første gongs høyring. Det ligg føre motsegner frå fleire instanser og merknader frå private. Kommunedirektøren seier at det vert mykje arbeid knyta til dette. I beste fall vil saka koma opp til politisk handsaming før sommaren.
Når det gjeld påstanden om at det ikkje er energi nok til alle initiativ i Rogaland, er dette ei bekymring Suldal har støtta opp om fleire fora, mellom anna i treffpunkt som har vore med New Kaupang og Rogaland Fylkeskommune. WWJ er i utgangspunktet ikkje veldig kraftkrevande, og at det vidare kan bidra til betydeleg kraftproduksjon. La det likevel vera klart at også ordføraren er bekymra for energitilførselen for kraftkrevjande næring i Suldal. Det er eit paradoks at me som den kommunen med mest kraftproduksjon, ikkje skal ha eit nett som kan gi meir næringsutvikling.
Ordførarane og næringslivet i Ullensvang, Sauda og Suldal har sendt eit innspel til Strømnettutvalget som skal vurdera den samfunnsøkonomiske gevinsten av å forsterka straumnettet. Der føreslår me at industrien skal få eit sterkare lokaliseringssignal i nettleiga, eit sterkare insentiv for å etablera nye verksemder i nærleiken av der krafta vert produsert.
Skeie spør vidare korleis skal me søkja svar på kva planane vil tyda for utviklinga av Suldal som samfunn økonomisk, sosialt og kulturelt. Kommunestyret har lagt inn midlar og tiltak i handlingsprogrammet om ein samfunnsanalyse som skal gi svar på noko av dette.
Eg vil avslutningsvis avvisa at Suldal er ein kommune med innstillinga «det går som det går,-så får me ta det som det kjem»- sitat frå Skeie. Samtidig er det slik at store initiativ som WWJ er eksempel på initiativ som ikkje er risikofrie. Det er heller ikkje utan konsekvensar og me vil ikkje kunne ha alle svar på alt på førehand. Det kan godt hende at det lokale miljørekneskapen slett ikkje er berekraftig, men at tiltaket bidrar svært positivt inn til den regionale og nasjonale miljørekneskapen. Dette og fleire andre krevjande spørsmål må eit samla kommunestyre ta stilling til i løpet av 2022.
Til vitande.
SI 2: Interpellasjon om Ukraina frå Nils Bjarne Vold.
Svar på interpellasjon om Ukrakina frå Nils Bjarne Vold
Bileta frå Ukraina den siste tida gjer svært sterkt inntrykk på oss alle. Det er viktig og rett at me brukar den moglegheita me har til synleg å ta avstand frå krigshandlingane me ser no.
Som ordførar har eg støtta markeringa frå ordførarane i Moss, Våler, Vestby og Råde der me ilag gir eit tydeleg signal til verdenssamfunnet om at krigshandlingane må stoppa. I same oppropet slutta ordføraren seg til signal til regjering og storting at me er klare til å ta imot flyktningar.
I KS si undersøkjng har eg og svara positivt på at eg antek at kommunen vil svara ja til ein førespurnad om me vil ta i mot flyktningar frå Ukraina.
Eg er glad for at me gjennom budsjettvedtaket for 2022-2025 har lagt opp til at me vil fortsetja å ta imot flyktningar i Suldal.
Statsforvaltaren inviterte 3. mars kommunane til eit informasjonsmøte der UDI, NAV, Politiet orienterte om arbeidet som pågår. Dette var og tema i går imøtet Statsforvaltar har med kommunane. Det vil og vera tema framover.
Kommunedirektøren har forsikra meg om at Suldal kommune raskt skal kunne ta imot flyktningar når UDI oppmodar oss om det. Me har omstilt oss raskt før og det skal vi også greie no.
Det er UDI som koordinerer flyktningarbeidet i Noreg. Dei har ei viktig rolle, dei har kontaktpunkt i kvar kommune og har god oversikt over kvar det er kompetanse og kapasitet til mottak av flyktningar. Eg kjenner meg trygg på at vi raskt skal kunne svare positivt på oppmodinga frå UDI når den kjem.
Kommunen er i dialog med UDI om kva tilleggskapasitet me har på mottak av flyktningar.
Mange born er uroa over krigen, me må oppmoda alle som har med born og ungdom å gjera å snakke om situasjonen.
Det er viktig å ta vare på a alle folkegrupper i kommunen som er omfatta av situasjonen.
Me har løyvt kr 50 000 til Røde Kors til bruk til flyktningearbeidet i Ukraina av formannskapet sin disposisjonskonto.
Ordføraren støttar forslaget frå Nils Bjarne Vold.
Røysting: Samrøystes i samsvar med forslag til vedtak.
Jamfør kvart punkt.
ME 1: Referat frå møte i Jelsa Grendeutval 08.02.2022. Til vitande.
ME 2: Referat frå møte i Ropeidhalvøya grendeutval 16.02.22. Til vitande.
ME 3: Referat frå møte i Vinjar grendeutval 18.11.2021. Til vitande.
ME 4: Referat frå møte i Øvre Suldal grendeutval 25.01.2022. Til vitande.
ME 5: Referat Jelsa Grendeutval 12.01.2022 og innspel til detaljplan for hydrogenanlegg. Til vitande.
ME 6: Førebels protokoll regionråd for Haugalandet 28.januar 2022. Til vitande.
ME 7: Årsmelding 2021 frå Senter for Miljørettet helsevern. Til vitande.
ME 8: Opprop Ja til demokrati, nei til krig. Til vitande.
Kommunestyret tar tilstandsrapporten til vitande.
Røysting: Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Kommunestyret tek Kvalitetsmelding for barnehage, skule og SFO 2021 til vitande.
Røysting: Samrøystes i samsvar med endra forslag frå Magne Steine KRF.
Suldal kommune sel eit areal av gnr 103 bnr 580 til Suldal Bustadstifting slik som vist på vedlagt kart av 28.09.2021.
Arealet på om lag 280 m2 vert seld for kr 201,- pr m2.
Kjøpar dekker alle kostnader knytt til gjennomføring av salet.
Indrebø spør seg ugild i saka som styremedlem i Bustadstiftinga.
Kommunestyret finn Indrebø ugild jamfør Forvalttningslova § 6 1.
Suldal kommune gjer val av følgjande kandidatar til Haugaland Brann og redning sitt klageorgan:
a. Magne Landeland
b. Iren Klungtveit Slagstad
Røysting: Samrøystes i samsvar med innstillinga frå valnemda.
Røysting: Samrøystes i samsvar med innstillinga.
NIls Bjarne Vold spør seg ugild som potensiell søkar.
Kommunedirektøren vurderer det slik at saka er ei generell sak der ein ber kommunedirektøren lage ei støtteordning for straumstøtte til næringslivet. Representanten er involvert i ei verksemd, ikkje fleire verksemde. Ut ifrå omfanget dette har tilrår kommunedirektøren at representanten er gild.
Formannskapet finn representanten gild.
Røysting: Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Gerd Helen Bø | Senterpartiet | Ordførar | gerd.helen.bo@suldal.kommune.no |
Øyvind Tveitane Lovra | Senterpartiet | Varaordførar | oyvind.lovra.tveitane@suldal.kommune.no. |
Iren Klungtveit Slagstad | Arbeiderpartiet | Medlem | iren.klungtveit.slagstad@suldal.kommune.no |
Kari Vaage Gjuvsland | Arbeiderpartiet | Medlem | kari.vaage.gjuvsland@suldal.kommune.no |
Harald Bjarne Hellesen | Høgre | Medlem | harald.bjarne.hellesen@gmail.com |
Torbjørn Indrebø | Kristeleg folkeparti | Medlem | torbjorn.indrebo@suldal.kommune.no |
Marita Husevåg Hellesen | Kristeleg folkeparti | Medlem | maritahhellesen@yahoo.no |
Magne Steine | Kristeleg folkeparti | Medlem | magnesteine@gmail.com |
Bernd Elmies | Miljøpartiet dei Grøne | Medlem | berndelm@gmail.com |
Magne Langeland | Senterpartiet | Medlem | magnelangeland@gmail.com |
Åshild Vetrhus | Senterpartiet | Medlem | ashild.vetrhus@suldal.kommune.no |
Lars Arne Bjørkland | Senterpartiet | Medlem | lars.arne.bjorkland@suldal.kommune.no |
Åsmund Bakka | Senterpartiet | Medlem | asmund.bakka@suldal.kommune.no |
Per Gudmund Øxtra | Senterpartiet | Medlem | okstra@hotmail.com |
Tormod Skeie | Sosialistisk Venstreparti | Medlem | tormod.skeie@suldal.kommune.no |
Nils Bjarne Vold | Venstre | Medlem | nils@vikane.no |
Laila Øxtra | Varamedlem | ||
Terje Bjørndal | Høgre | Varamedlem | terje@kulp.as |
Sissel Bøthun | Senterpartiet | Varamedlem | siboe74@gmail.com |
Mads Drange (Ikke møtt) | Arbeiderpartiet | Medlem | mads.drange@suldal.kommune.no |
Sverre Underbakke (Ikke møtt) | Høgre | Medlem | sverre.underbakke@suldal.kommune.no |
Albrigt Stokka (Ikke møtt) | Senterpartiet | Medlem | albristo@online.no |