Utval: | Ungdomsrådet |
---|---|
Dato: | 07.06.2022 18.00 - 20.30 |
Møtestad: | Kommunehuset |
Status: | Møtet er ferdig protokollert |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: | |
Møtebok: |
Innkalling og sakliste blir godkjent slik ho ligg føre.
Samrøystes.
Protokollen frå førre møte blir godkjent slik han ligg føre.
Samrøystes.
Ungdomsrådet stiller seg bak innstillinga, ettersom rådet ikkje ser nokre andre løysingar som sikrar god opplæring dersom ein ikkje lykkast med å tilsetje lærarar og leiarar.
Ungdomsrådet ønskjer og at det skal gjerast ein vurdering av korleis rekrutteringsarbeidet til fådelte skuler kan gjerast betre.
Saka diskuterast i rådet.
1. Vanvik oppvekstsenter:
- Kvifor prøveordning i 2 år? Om dei går to år på ei anna skule- vil dei tilbake? Blir vanskeleg å starta opp att om det er lagt ned i to år.
- Dei som bur i Vanvik har ikkje blitt spurt om dei vil, men vår oppfatning er at dei ikkje vil leggja ned. Det har vore 3 lesarinnlegg i Suldalsposten skreve av dei som ikkje vil leggja ned.
- Kan vere opp til 50 min reiseveg frå Tengesdal til Sauda- over akseptabel reisetid på 45 minutt. Stemmer ikkje med beregninga på reiseveg i sakspapiret på 35 min, der Google maps er brukt til å beregne tida.
- Nokre kjem til å flytte frå Vanvik om oppvekstsenteret legg ned.
- Administrasjonen informerte om saka 31.05., og vil leggja ned allerede frå hausten. Elevane får vite siste skuledag om dei skal starte i Sauda eller fortsetja i Vanvik til hausten.
- Kan det vere mogleg å greie ut saka meir, og utsetje evnt flytting til neste år?
- Korleis rekrutterar dei lærarar? Kan ein gjere endringar i rekrutteringsprosessen? Lyse stillingane breiare ut? Gjere stillingane meir lukrative?
- Me må gjere det me kan for å behalde den strukturen som er, sidan det er det folk vil.
2. Ungdomstrinnet på Nesflaten:
- Lang reiseveg, lite fritid. 3 dagar er akseptabelt, men 5 dagar blir mykje.
Rådgjevar Brit- Elin Håranes informerte og svarte på spørsmål om saka.
Ungdomsrådet synast dette er ein vanskeleg sak, som har blitt jobba med i altfor kort tid i forhold til omfanget av saka. Det er ein viktig sak, og det er mykje å skulle ha ein mening om.
Ungdomsrådet synast ikkje det har vore ein god prosess i forkant av saka, og synast det er vanskeleg å skulle stille seg bak ei innstilling som grendeutval og lokalbefolkning ikkje har fått vere med å påvirke. Samstundes føler medlemmene i rådet seg nøydd til å stille seg bak innstillinga fordi dei ikkje ser noko anna alternativ for å sikre barn i Suldal ein god opplæring dersom ein ikkje lykkast i å tilsette nye lærarar og leiarar.
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Johanne Klungtveit Næsje | Medlem | ||
Ilija Opacic | Medlem | ||
Andreas B. Fattnes | Medlem | ||
Arin Eirikssønn | arin.eirikssonn@suldal.kommune.no | ||
Vladyslava Storcheus | |||
Gerd Helen Bø (Ikke møtt) | Senterpartiet | Ordførar | gerd.helen.bo@suldal.kommune.no |