Utval: | Ungdomsrådet |
---|---|
Dato: | 21.02.2022 18.30 - 20.30 |
Møtestad: | Kommunehuset |
Status: | Møtet er ferdig protokollert |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: | |
Møtebok: |
Innkalling og sakliste blir godkjent slik ho ligg føre.
Samrøystes.
Protokollen frå førre møte blir godkjent slik han ligg føre.
Samrøystes.
Kommunedirektørensi innstilling
Kvalitetsmelding for barnehage, skule og SFO i Suldal kommune vert tatt til vitande
Brit Elin Håranes frå oppvekst informerar om meldinga og ønskjer tilbakemelding og innspel frå rådet.
Ho fekk med seg rådets innspel på kva det er viktig at dei vaksne gjer for at alle elever skal ha eit trygt og godt skulemiljø:
- ta opp ting med elevar om det som skjer i friminutta
- ikkje favorisere
- byggje opp eit godt forhold til elevane sine, elevane vil då snakka om lærarane som gode vaksne
- rettferd og likestilling
- ta omsyn til elevar sine utfordringar
- respekt går begge vegar, ein vaksen kan ikkje forvente å få respekt om han ikkje møter eleven med respekt
- ikkje kjefte på elevar foran alle andre, ikkje ta opp ting som er vanskelege "offentleg"
- tett oppfølgjing
- elevmedverknad, høyr elevanes perspektiv
- BTI
- gjere terskelen for å ta kontakt med dei vaksne låg
- tilgjengeleg helsesjukepleiar på skulen- også ute i friminutta
- mannleg vaksen som kan tas kontakt med – kan kjennest vanskeleg for gutar å ta kontakt om «gutating» med ein dame
- dei vaksne må snakke med elevar som har noko dei slit med
- ikkje le av elevar
- vanskeleg for elevar å motivera seg for å gidde å vere på skulen hvis læraren har ein dårleg dag, og det er tydeleg at han slit med eigen motivasjon for å gidde
- det må vere eit system som gjer det lett å gi beskjed til/ om lærar om det er noko elevane ikkje er nøgde med
Rådet ga også innspel på moglege årsaker til at fleire gutar enn jenter får spesialpedagogisk hjelp:
- gruppepress- gutane skal vere tøffare og meir tullete
- det er mykje teori på skulen, bør vere meir praktisk undervisning
- gutar kan vere meir deprimerte, og fell derfor ut
- jenter er flinkare til å spørje om hjelp om dei slit
- gutar er meir urolege av natur, og har større vanskar med å følgje med
- korleis var læringsmiljøet tidleg? om ein mister motivasjon tidleg, heng ein etter og vil til slutt ikkje gidde meir
- gutar og jenter får/ har ulike roller i eit klassemiljø, kanskje fordi dei får ulike forventningar knytta til kjønn (flinke jenter). Viktig at dei vaksne på skulen har fokus på å snakke om roller, og at dei ikkje er kjønnsbestemt
-gutar utviklar seg seinare statistisk sett enn jenter, er meir umogne
- jenter presterer best teoretisk statistisk sett, og profitterer derfor best på teoretisk undervisning
Rådet påpeikte at berre 55% av 7. klassen hadde svara, så dei tala er ikkje representative for heile kullet
Rådet spurde om skulen var pliktig til å informere om tilbud om psykisk helsehjelp i kommunen. Håranes svarte at det er dei ikkje. Rådet meiner at informasjonen ut til ungdomane er altfor dårleg, og ønskjer at dette kan bli gjort på skulen. Rådet vil sende oppmoding om dette til elevråd.
Samrøystes.
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Johanne Klungtveit Næsje | Medlem | ||
Ilija Opacic | Medlem | ||
Henriette Ove Nesbø | Varamedlem | ||
Arin Eirikssønn | arin.eirikssonn@suldal.kommune.no | ||
Vladyslava Storcheus | |||
Gerd Helen Bø (Ikke møtt) | Senterpartiet | Ordførar | gerd.helen.bo@suldal.kommune.no |
Andreas B. Fattnes (Ikke møtt) | Medlem |