Utval: | Ungdomsrådet |
---|---|
Dato: | 24.01.2022 18.00 - 20.00 |
Møtestad: | Kommunehuset |
Status: | Møtet er ferdig protokollert |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: | |
Møtebok: |
Innkalling og sakliste blir godkjent slik ho ligg føre, med innspel frå SLT-koordinator om ME 1.
ME 1 flyttast som polistisk sak, med saksnummer 005/22.
Samrøystes.
Protokollen frå førre møte blir godkjent slik han ligg føre.
Samrøystes
Jamfør kvart punkt.
ME 1: Politisk opplæring og opplæring i møteportalen.
Vedtak:
Ungdomsrådet har forslag på dato for opplæring 11.02.22.
ME 2: Fagdag for ungdomsrådet.
Vedtak:
Ungdomsrådet vil ha ein fagdag 10. eller 17. mars, og invitere med kommunedirektør, ordfører og kommuneplanansvarleg for fagleg input.
Dagen skal og brukast til å jobbe med sakar ungdomsrådet vil jobbe med framover.
ME 3: Ymse
1. Heim for ein 50-lapp
Fylkeskommunen/Kolumbus har midlar til dette me kan søkje på. Dei to siste åra har me søkt og fått midlar til å skysse ungdom frå 8. klasse opp til 18 år heim frå arrangement.
Vedtak: Ungdomsrådet sender søknad. Ungdomsrådkoordinator gjer det på vegne av rådet.
2. Møtetidspunkt.
Kva for eit møtetidspunkt passar best for medlemma?
Vedtak: 18:30 som hovudregel, og om det blir vanskeleg nokre gonger, er 15:00 eit alternativ.
3. Spørsmål
Arin Eirikssønn har fått ein e-post med spørsmål om kva ungdomsrådet tenkjar om industriplanleggjing på Høyvik.
Vedtak: Ungdomsrådet vil si noko om dette når planane kjem ut på høyring.
4. Tale- og forslagsrett for ungdomsrådet i Kommunestyret.
Dette jobba det førre rådet med, jobba for at dei politiske partia skulle føreslå dette. Det har ingen av dei gjort.
Vedtak: Ungdomsrådet vil fortsetje å jobbe aktivt for å få tale- og forslagsrett i kommunestyret. Johanne og Arin vil ringje partileiarane.
5. Kontakt- info/ kva slags kanal skal ungdomsrådet bruke til å halde kontakt og spørje om ting mellom møta?
Vedtak: Messenger- gruppe går for alle. Leiar oppretter og invterer alle inn.
6. Sosiale mediekanal
Vedtatt av det førre rådet å oppretta og ha ein aktiv Instagram-konto for ungdomsrådet. Rådet blir informert om dette, og dei finn ut av korleis dei vil gjere det vidare. Følgjer opp saka i neste møte.
Rådet valte Arin Eirikssønn som leiar, og Vladyslava Storcheus som nestleiar.
To av medlemma melde seg som kandidatar: Arin Eirikssønn og Vladyslava Storcheus.
Samrøystes.
Politikar | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|
Johanne Klungtveit Næsje | Medlem | |
Ilija Opacic | Medlem | |
Andreas B. Fattnes | Medlem | |
Henriette Ove Nesbø | Varamedlem | |
Arin Eirikssønn | arin.eirikssonn@suldal.kommune.no |