Innkalling og sakliste blir godkjent slik ho ligg føre.
Samrøystes vedtak i samsvar med innstillinga.
Protokollen frå førre møte blir godkjent slik han ligg føre.
Samrøystes vedtak i samsvar med innstillinga.
jfr kvart punkt
ME1 Forslag til sak i kommunale råd for personer med funksjonsnedsettelse - TryggEst - tatt til vitande -rådet ønskjer dette opp som sak til hausten.
ME2 Invitasjon til konferanse med temaet «Kommunalt råd for mennesker med funksjonsnedsettelse -Hvorfor, hva og hvordan? - tatt til vitande - Wenche Nygaard melder seg på konferansen. Me vonar at administrasjonen og har høve å delta på konferansen.
ME 3. Fosterhjemstrategi: svar frå adm
«Vi har startet med gjennomgang av nye anbefalinger nasjonalt om fosterhjem og skal avklare innen
kort tid hvordan vi skal implementere disse anbefalingene. Innen 30.06.22. er målet å gjøre endringer.»
- tatt til vitande - Rådet ønskjer ei orientering til neste møte.
ME 4 RMNF ynskjer å få spela saker direkte til budsjett-handsaminga – svar frå ordførar: Takk for e-post og for ein god samtale. Sender som avtalt eit skriv på korleis budsjetthandsaminga er. Eg hadde som eg sa til deg ønskje om å vera med i møtet dykkar og forklar saksgangen. Det er alltid lettare å forklara enn å prøva å skriva. Men på måndag skal eg til Stavanger på årsmøte og årskonferanse i Fjordvegen. Der er eg styreleiar og bør møta.
Det er kommunedirektøren som innstiller til råda, hovudutvala og formannskapet i denne saka.
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, eldrerådet og ungdomsrådet handsamar budsjettet først.
Dei vedtaka de gjer i råda , vert lagt inn i sjølve budsjettsaka. Dei ligg då i saka når hovudutvala(Levekår og LMT) handsamar saka slik at dei ser kva vedtak de har gjort. Hovudutvala gjer så sine vedtak som og vert lagt inn i saka. Det frå dykkar vedtak som dei ønskjer å støtta, kan dei ta med i sine vedtak.
Alle vedtaka ligg i saka slik at formannskapet og seinare kommunestyret kan sjå kva de i råda og hovudutvala har vedteke.
Det er då opp til medlemmene i formannskapet å ta med det dei ønskjer å støtta i sitt vedtak og dermed i innstillinga til kommunestyret. Dermed får råda sine forslag som innspel direkte til formannskapet og kommunestyret. Me kommunestyrepolitikarar har eit ansvar i å lesa og vurdera dykkar forslag.
Dykkar vedtak vil liggja i saka heilt til kommunestyret. Dersom me ser i protokollen frå budsjetthandsaminga i kommunestyret, kan me følgja saka og sjå kva vedtak som er gjort i alle organa som har handsama saka.
Håper dette gir svar på spørsmålet dykkar. Dersom det er uklart, kan eg prøva å forklara i eit seinare møte.
- tatt til vitande.
ME 5 Innspel til kommuneplanen:
Her er eit fyrsteutkast
Merknad til pkt 4.4. Inkludering
Vårt innspel er at 4.4. Inkludering er i realiteten '4.4. Integrering'. Difor ynskjer me å be om at ein har 4.4. med to under-avsnitt.
- Integrering
- Inkluderande Suldalssamfunn
Då vil det ikkje bli 'konkurranse' mellom to minoritetar,- og ein vil få konkrete punkt i budsjett-handsaminga
ME 6 Høring NOU 2021: 11 Selvstyrt er velstyrt - tatt til vitande - rådet ønskjer ei orientering om BPA frå adm til hausten
- RMNF ønskjer at heile rådet er med i referansegruppa.
- Møteplanen må setjast opp med tanke på dette.
- Referansegruppa bør ha innsyn i alle arbeidsdokument og referat
Felles forslag:
- RMNF ønskjer at heile rådet er med i referansegruppa.
- Møteplanen må setjast opp med tanke på dette.
- Referansegruppa bør ha innsyn i alle arbeidsdokument og referat
Samrøystes vedtak for endringsforslaget
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Kristine Langøy | Medlem | kristinelangoy@hotmail.com | |
Eva Songe Paulsen | Medlem | evasopa@gmail.com | |
Wenche Margrethe Nygaard | Nestleiar | wenche.nygaard@outlook.com | |
Dag Fisketjøn | dag.fisketjon@suldal.kommune.no | ||
Mads Drange (Ikke møtt) | Arbeiderpartiet | Medlem | mads.drange@suldal.kommune.no |
Åsmund Bakka (Ikke møtt) | Senterpartiet | Medlem | asmund.bakka@suldal.kommune.no |