Aktiv i Suldal 2018(program)

laurdag 25. august 2018, 12:00 - 16:00

Informasjon

Aktiv i Suldal - Klikk for stort bilete Aktiv i Suldal vil i år gå over to dagar. Arrangementet startar fredag 24. august kl 19:00 på Kulturhuset. Her vil Steffen Iversen og Claus Lundekvam bli intervjua av Judith Litlehamar. Me vil her få eit innblikk i liva til dei tidlegare fotballproffane og erfaringar dei har gjort seg. Temaet er "Å bli sett" Inngongspengar kr 100,-

Nytt av året er også at "NY i Suldal" vert arrangert i samband med Aktiv i Suldal. Nytilflytta suldølar vil få invitasjon til eige arrangement fredag 24. aug kl 18:00 og vil få gratis inngong til arrangementet med Claus og Steffen.

 

Laurdag 25. august frå 12:00 til 16:00 blir det arrangement på Eide. Lag og organisasjonar frå heile kommunen kjem, det same gjer også Claus og Steffen.

Denne dagen kan ein prøve ut mange av aktivitetane dei ulike laga og organisasjonane i kommunen vår kan tilby. I tillegg vert det arrangert fotballkampar mellom anna med det nye damelaget, ein kan prøve boblefotball, ulike konkurransar og mykje meir.

Uansett om du er born eller vaksen; ta på deg klede til å vere aktiv i, og bli med på ein kjekk dag :)

Det vert kiosk samt sal av grillmat!

 

Set av begge dagane allereie no. Arrangementet er ope for alle og det kostar ikkje noko å delta på laurdagen.

 

Velkomne alle saman!

Aktiv i Suldal 2018 - Klikk for stort bilete

 

Stad

Eide
 

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender