Legatmidlar til sosiale føremål
Utdrag frå vedtektene:
§3 Ni tidelar kan delast ut som legatporsjonar til institusjonar, lag og organisasjonar og enkeltpersonar. Ved utdeling kan ein ta sosiale omsyn. Legg merke til at enkeltpersonar kan søkja. Det kan til dømes vera å få økonomisk stønad i samband med opphald på rehabiliteringsinstitusjon etter sjukdom, stønad til nødvendige hjelpemiddel som ikkje vert dekka av det offentlege osv.
Utdanningslegat i Suldal kommune
Utdrag frå vedtektene:
Stipend kan delast ut til ungdom som tek utdanning ved høgskule og universitet etter følgjande føresetnader:
- Søkjaren må ikkje ha fylt 30 år innan utgangen av året du søkjer for.
- Søkjaren må vera heimehøyrande i Suldal kommune på søknadstidspunktet
- Søkjaren må ta utdanning ved godkjent utdanningsinstitusjon
- Kvar person kan berre få stipend ein gong
- Studiet må vera på over fem månader for å utløyse stipend